Om artikkelforfatteren

author photo

Teresa Grøtan, født 1974, busett i Bergen. Frilansjournalist og sakprosaforfattar. Bloggar på frilansinfo om boka eg arbeider med for tida.

Alle artiklene av TeresaG

Blogg frå Bryggen (7): Ikkje heilt slutt likevel!



Del på Twitter

Eg fann ut at den forrige, og eigentleg siste, bloggposten min, sa altfor lite om sjølve boka. Så her kjem litt meir om den.


globaliseringboka-data

Eg har forsøkt å skrive ei bok som er underhaldande og samstundes lærerik. På bloggen sin skriv Øystein Vidnes, som har laga dei utruleg flotte illustrasjonane i boka, at det er ei blanding av reportasje-, essay-, debatt- og opplysningsbok.

Og det har han rett i – eg har forsøkt å levandegjere stoffet gjennom å skrive personleg og morosamt. Som rammeforteljing har eg brukt reportasjeturane mine til India og Bangladesh, som eg har fortald om tidlegare. Eg har dessutan valt å ikkje vere forsiktig, men heller å meine noko (for eksempel kritiserer eg ein tidlegare vinnar av Nobels fredspris ganske kraftig) heilt uavhengig av om det ”passar” med å vere ”for” eller ”mot” globalisering.

globaliseringsboka-finans

Eg har fått med korte bidrag frå mange interessante namn i Noreg, blant andre utanriksministeren vår som har lagt ut bidraget sitt på regjeringen.no, sosialantropologen Thomas Hylland Eriksen, komikar Knut Nærum, leiar av Natur og Ungdom, Ingeborg Gjærum, og forfattar Magnus Marsdal, som skriv at det berre er noko tull – at globalisering ikkje eksisterer.

Torsdag 15. oktober skreiv Stian Bromark under vignetten Kulturtipset i Dagbladet om boka. Tittelen var ”Globaliseringsmoro” og i ei setning heiter det: ”Med glimt i øyet og smil om munnen skriver journalist Teresa Grøtan underholdende, personlig, informativt og godt om fenomenet i boka.”

globaliseringsboka-callsent

Eg håper sjølvsagt at fleire vil oppdage boka etterkvart – men eg kan allereie no seie at utsegna til den unge bergenske filmregissøren omtalt i forrige bloggpost er gjort grundig til skamme.

(Eg fortalte om episoden på sleppefesten på laurdag, og ingen lo. Hm. Eg som synest det er morosamt!)

No klør eg etter å komme i gang med neste bokprosjekt.

Førre del i serien kan du lesa her.

Illustrasjonar: Øystein Vidnes

Del denne artikkelen med andre:
 
  • Facebook
  • Google Bookmarks
  • del.icio.us
  • Digg
  • StumbleUpon
  • Technorati
  • Live
Del på Twitter

Skriv en kommentar!

    Nyhetsbrev



    Adressen din deles IKKE.

Jobbmarked | Forum | Om oss | Kontakt | Last ned | Bidra | Hjelp | Logg inn | Sidekart | Annonsere |