Om artikkelforfatteren

author photo

Teresa Grøtan, født 1974, busett i Bergen. Frilansjournalist og sakprosaforfattar. Bloggar på frilansinfo om boka eg arbeider med for tida.

Alle artiklene av TeresaG

Blogg frå Bryggen (3) Eg sender to kapittel



Del på Twitter

Eg må seie hurra! for rett før jul sende eg dei første to kapitla til forlaget. Eg skriv at eg må seie hurra!, men strengt tatt, i følgje min eigen bloggpost, skulle eg sende meir enn to kapittel.

Var det tre eg skreiv? Eller var det størstedelen av boka, tru? Brrr, det var då veldig ambisiøst.


Det har vore eit slit. Eg synest eg les og les og les, men å klare å skrive lett og ledig, enkelt og morosamt om internasjonalisering frå Columbus til i dag på ei side, om den teknologiske utviklinga i verda frå Den industrielle revolusjon fram til i dag på ei anna, og om utviklinga av (ny)liberalismen på ei tredje side. Nei, det har vore eit slit. Språket har arbeidd mot meg, føler eg.

Tyngdepunkt mot aust

Men no er det sendt. Forutan om dei nemnte emna, har eg skrive om konteinarar (det var forresten morosamt), call-senter i India, eit tilfeldig møte på flyplassen i Frankfurt; Hollywood, Bollywood og ei verd der tyngdepunktet blir flytta austover.

Nokre lure tips om det eine eller anna relatert til å skrive fagbok, har eg ikkje i dag. Eg trur heller det er eg som treng tips til korleis få fingrane på gli.

Kulturrådet si innkjøpsordning

Eg skreiv at eg skulle levere heile boka første februar. Det skjøna eg snart at ikkje kunne gå, så no er datoen første mai. Det verkar overkommeleg, og boka kjem likevel ut til hausten. Eg rekk berre ikkje fristen for å få henne vurdert til innkjøpsordninga til Norsk kulturråd.

Det er forresten eit tips, eller ei opplysning: Skriv ein ei rimeleg god sakprosabok, blir ein kjøpt inn av Kulturrådet, og det fører med seg ein god slump ekstra. Det gjeld berre å skrive godt nok.

Førre del i denne serien: Blogg frå Bryggen (2): Eg får pengar

Artikkelfoto: © Crestock

Del denne artikkelen med andre:
 
  • Facebook
  • Google Bookmarks
  • del.icio.us
  • Digg
  • StumbleUpon
  • Technorati
  • Live
Del på Twitter

1 kommentar så langt. »

  1. [...] del i denne serien: Blogg frå Bryggen (3): Eg sender to kapittel. Del denne artikkelen med [...]

Skriv en kommentar!

    Nyhetsbrev



    Adressen din deles IKKE.

Jobbmarked | Forum | Om oss | Kontakt | Last ned | Bidra | Hjelp | Logg inn | Sidekart | Annonsere |